Kurs i vindaugsrestaurering
Neste kurs:
Tidspunkt:
15. - 16. november
kl. 10 - 16 begge dagane
Stad:
Slinning Snikkarverkstad AS
Bondalsvegen 239, 6165 Sæbø
Pris:
3500,-
Det vert servert ein betre lunsj begge dagane. Heimelaga av råvarer frå eigen gard og naturen omkring.
For spørsmål gjeldande kurset, ring 90515642 eller bruk kontaktskjema.
Påmelding
Formål
Formålet med dette kurset, er å gi ei grunnleggjande forståing og praktisk øving i oppbygging, funksjon, vedlikehald og restaurering av gamle vindauge.
Personleg verneutstyr om ein har
· Arbeidshanskar
· Vernebriller
· Høyrselsvern
Om ein manglar noko av dette utstyret, har vi briller og hanskar til utlån, eingongsmaske og øyreproppar.
Materiell
Vi stiller med materiell, komplett sett med verktøy og maskiner.
Kven passar kurset for?
Dette kurset passar for privatpersonar og profesjonelle aktørar som ynskjer å lære stega som inngår i vindaugsrestaurering og vedlikehald. Det er perfekt for deg som har gamle vindauge og ynskjer å utføre store delar av arbeidet sjølv. Kurset passar også for handverkarar som ynskjer å tilby dette som ei teneste.
Det krevst ingen erfaring for å kunne delta.
Detaljert gjennomføring
Kursdag 1
-Kort om vindauget si historie, kvifor restaurere.
-Introduksjon til verktøy og utstyr.
-Sikker utføring.
-Riktig merking av glas/vindauge/hengsler.
(-Demontering av vinduer på huset.)
-Fjerne kitt, ta ut glas, reinse og skrape.
Lunsj
-Korleis fjerne rust.
-Pusse, olje og klargjere for montering av glas.
Kursdag 2
-Kort om grunn- og overflatebehandling.
-Restaurering av metall.
-Montere metall.
-Glasskjering.
Lunsj
-Montere glas, legge på ny kitt.
-Maleteknikk linoljemaling.